Hilmarfestivalen 2013

Ca 80 arrangement i perioden 2. november til 15. november er knytt til Hilmarfestivalen 2013. Gjermund Larsen er festivalartist og har mellom anna skrive nytt bestillingsverk.

Vi feirar også P.A. Røstads orkester sitt 50-årsjubileum.

Gjermund Larsen Foto: Geir Dokken

Gjermund Larsen Foto: Geir Dokken

Gjermund Larsen – festivalartist og bestillingsverk.
Gjermund – av mange rekna som «Norges beste felespiller»
(https://www.nrk.no/kultur/norges-beste-felespiller-1.7300480) vil vere å finne på programmet heile Hilmarfestivalen. Han skal halde kurs til alt frå barn til Master Class, og han skal spele mange konsertar. I samband med PA Røstad orkester sin jubileumskonsert, har Gjermund laga eit nytt bestillingsverk: JUBEL! Han er sjølvsagt også ein del av gallaforestillinga på torsdag i festivalveka.

PA Røstads orkester

PA Røstads orkester

P.A. Røstads orkester
markerer at dei har stått på gamaldansscenene i Noreg i 50 år. Dette orkesteret står for rytmisk drivande norsk gamaldansmusikk. Det vidarefører tradisjonen etter P.A. Røstads kvartett med Hilmar Alexandersen, som på 1970-tallet blei eit omgrep i “gamaldans-Norge”. Den gong med Petter Andreas Røstad sr. som orkesterleiar, no med barnebarnet Petter Andreas Røstad (trekkspel)

som orkesterleiar. Einar Olav Larsen på fele er den fremste formidlaren av tradisjonen etter Hilmar Alexandersen (1902-1993). Bjørn Bakkan (trekkspell), Bjørn Arild Aksnes (kontrabass) og Villy Kvernmo (gitar) utgjør dei tre andre. På jubileumskonserten er også Gjermund Larsen med på scena. I år var dei også tekne ut til Folkelarm.

Sigrid M 1 c magnus skredeLinda Eide

Sigrid Moldestad band har med seg Linda Eide.
Dei presenterer humor og rørande tonar i skjønn foreining. Songaren, felespelaren og historieforteljaren gav ut si 3. plate som soloartist 8. mars 2012. Moldestad byggjer vidare på uttrykket frå dei tidlegare platene, TAUS (2007) og Sandkorn (2010), men ”Himlen har sove bort mørkret”, som er tittelen på den nye plata, sprengjer enda fleire musikalske grenser. Albumet har smakar av visetradisjon, britisk 70-tals folk, psykedelia og pop. Sigrid Moldestad står for dei fleste låtane sjølv, og byggjer alltid med folkemusikken som grobotn og base.

Sigrid har eit kraftfullt bogedrag og ei særeigen stemme. Ho klarar gong på gong å røre kjenslestrengar til lyttaren, og musikken og tekstane hennar manar fram både hjartesorg, stormande glede og melankoli. Varsamt vert vi omfamna av musikk som utfordrar oss som lyttar fordi tekstane er så innhaldsrike, og som samtidig leier oss gjennom eit musikalsk univers som etterkvart har fått eit tydelig Moldestad-preg. Saman med bandet skapar Moldestad sjangerlause og grenselause møtestadar i musikken. Sigrid Moldestad fekk Hilmarprisen i fjor, og saman med latterbomba Linda Eide blir dette ein kveld utanom det vanlege!

Hoven Droven Photo Petter Frisell

Hoven Droven
har bl.a. turnert i Sverige, Norge, Danmark, Finland, Tyskland, Belgia, Nederland, Færøyane, England, U.S.A., Canada, Estland, Østerrike, Bosnia, Kroatia og Slovenia. Fredag natt speler dei konsert i den gamle kinosalen på Samfunnshuset. Dei er signert på det tyske plateselskapet Westmark og slepte i 2011 si 7. plate. Dei er ei av dei første folkrockgruppene som vart starta – og held stadig koken til glede for mange fans verda over. Hardt trykk basert på tradisjon.

Teater
Nord-Trøndelag teater har urpremiere på «Og så kan hunden kome» av Jon Fosse og Leif Stinnerbom med Paul Ottar Haga i hovudrolla under Hilmarfestivalen. Skodespelar Paul Ottar Haga skal for fyrste gong i karrieren på turné rundt om i det gamle heimfylket sitt. Og det med ein splitter ny dramatisering av ein av Jon Fosse-tekst; «Og så kan hunden komme» frå boka To Forteljingar (Samlaget 1993). Det er svenske Leif Stinnerbom som står bak dramatiseringa og regien. Han er ein av Nordens mest særprega regissørar med store oppdrag i inn- og utland. Vi kan love ei heilstøypt teateroppleving der teksten blir drive fram som ein kroppsleg psykologisk thriller med rytme og musikk. Dette er forteljinga om kjærleiken mellom ein mann og bikkja hans, om blodhemnd og den rastlause ventinga.