Spellmannsmønstring- Historisk tilbakeblikk

Fiskums orkester

Spellmannsmønstringa

Mønstringa har lang tradisjon. Inntrøndelag Spelmannslag vart starta i 1951, skulle samarbeide med Inntrøndelag Ungdomssamlag, og heldt årlege spellmannstreff, spellmannsmønstringar, spellkveldar og festar rundt omkring i Inntrøndelag.

Laurdag 31. oktober 1959 vart Spellmannsmønstringa for første gong arrangert på Steinkjer i samarbeid mellom Inntrøndelag Spelmannslag og Inntrønderringen. Det var sekretær i Inntrøndelag Ungdomssamlag, Gunnar Børstad som hadde ideen. Som namnet seier er dette ei mønstring av spelemenn og grupper rundt i Inntrøndelag . Dette har vore amatørmusikken sin møteplass og framsyningsarena i alle år. Arrangementet startar med ein konsert der alle spelar eit par slåttar kvar før det blir ein kaffipause, seinare bytter gruppene på å spele til dans.

Inntrøndelag Ungdomssamlag stod som tilskipar for dei første mønstringane som vart halde på samfunnshuset i  Steinkjer. Seinare fekk dei med lokale ungdomslag som arrangør i lag med seg. Mønstringane var i forskjellige hus rundt i Inntrøndelag. Etter kvart vart Spellmannsmønstringa meir fast på Samfunnshuset i Steinkjer der Inntrønderringen og Inntrøndelag spellmannslag  vart i lag om dette frå 1967.

Dette vart årlege populære musikkfestar og ein viktig aktivitet for BUL og og Spellmannslaget i BUL etterkvart. Inntrøndelag Spellmannslag var aktive fram til 1990-tallet , men vart da lagt ned på grunn av rekrutteringsproblem. Frå den tid har BUL stått for arrangementet åleine til i 2006, da vart mønstringa lagt inn i Hilmarfestivalen.

Første åra var mønstringane haldne i festsalen i Steinkjer samfunnshus, der det var slåttespel og anna underhaldning frå scena, før salen vart rydda til spel og dans. Det vart etter kvart så mykje folk at kinosalen vart teken i bruk til konserten nokre år. Frå 1992 vart Mønstringa flytta til Dampsaga kulturhus, der BUL inviterte til den 33. mønstringa. Etter fleire år med få bilettar selde og til dels store underskot vart Spelmannsmønstringa i 2001 flytta til Egge videregående skole før den igjen kom tilbake til Dampsaga i 2005.

Spellmannsmønstringane hadde sine beste år i andre halvdel av 1980 åra, ofte med 200 eller fleir selde bilettar og 70-80 aktive spelemenn. I 1988 gjekk det med 500 koppar kaffe, 18 store sirupskaker, 5 kg mysost, 7 kg gaudaost pluss skuffkaker. Mønstringa i 1991 har rekorden på aktørar med 110 spelemenn som var samla frå Snåsa i nord til Holtålen i sør.

I år er det 58. gong Spellmannsmønstringa blir arrangert, og nokre av dei som er meldt på i år er:

Spellmannslaget i BUL i Steinkjer, Malm trekkspillklubb, Reidar Aksnes Orkester, Monicas, OlaJosteins, Mosvik Trekkspillklubb, Toradergruppa til Levanger Trekkspillklubb, Arve Ulvin m/fleire, Reidar Haugs trio, Fisherman Friends, Levanger Trekkspillklubb m.fl

Knut Finserås