Opning av Uppdaldåggån ved Uppdalsbautaen ved Kultursjef Leif Terje Nilsen.
Mannen som er opphavet til Uppdal-dåggån
Kristofer Uppdal (1878-1961) er den største diktaren frå Steinkjer. Frå debuten i 1905 til 1926 ga han ut over tjue bøker, romanar og noveller, debattbøker og reiseskildringar, og ei rad diktsamlingar, der kanskje Altarelden frå 1920 er den mest betydelege, og eit av tidleg norsk 1900-tals sentrale diktverk. Som poet var Uppdal den første i Noreg etter Obstfelder, som skreiv i den nye modernistiske tradisjonen og skildra framandgjeringa i det upersonlege storbysamfunnet. Han skreiv ut sine indre kjensler slik få andre i samtida hadde mot til det. I den eine stunda var han full av lyse tankar og visjonar, i den neste er han prega av undergangsdrifter. Han skreiv også lysande romanar om arbeidaren i det gamle samfunnet og dei politiske kreftene i det tidlege 1900-talssamfunnet, da arbeidarklassen innleidde ein kamp mot overklassen for å kjempe seg ut av fattigdomen, og starta med å organisere seg i fagforeiningar og politiske parti.
Han var fødd i Beitstad, og budde der til han var sju år. Sidan vaks han opp på «Stenkjær» og ei tid hos ein slektning på Røysing i Ogndalen. Foreldra mista garden etter eit mislykka gardkjøp i fødebygda. Som følgje av det vart dei fattige byfolk. Mor si miste han i sjukdom i tidleg barndom, og vart sett bort som gjetar etter at faren stifta ny familie. Utdanning vart det lite med. Men folkehøgskolen vart ei slags redning. Etter to år på Namdals Folkehøgskole i Grong var draumen om å bli diktar tent. Men han måtte ut å arbeide, og vart anleggsarbeidar og rallar frå 1899-1910, og deltok i jernbaneutbygging, var med på kraftutbygging og arbeidde i gruver. Etter nokre år i Trøndelag, «rulla» han vidare til Telemark og Sørlandet. Etter at arbeidsdagen var over skreiv han dikt og forteljingar frå dette arbeidslivet i lyset frå ei lampe i brakkekroken, mens dei andre sov. Noko fekk han på trykk i aviser, forstudiar til romanane.
Snart hundre år etter at Uppdal skreiv sine bøker, blir lyrikken og versdiktinga hans vurdert som den delen av forfattarskapen der han var mest nyskapande. Men han blir også rekna som ein av dei største norske sosiale romandiktarane. Storverket er dei ti samanhengande bøkene om rallarlivet, Dansen gjennom skuggeheimen.
Kristofer Uppdal var sentral i det litterære livet i Kristiania i tida omkring første verdskrigen, som ein kvass og markert samfunnsdebattant. Som aktiv i den nasjonale rørsla som sloss for norsk sjølvstende før 1905, hadde han tidleg vald å skrive på nynorsk, fordi han meinte at nynorsken var eit meir norsk språk enn det dansknorske riksmålet.
Etter fylte 50 og etter at han hadde vore gjennom eit psykisk samanbrot som øydela ekteskapet og familien, trekte han seg i mellomkrigsåra tilbake frå all offentleg merksemd og flytta til fjellheimen i Folldal og Oppdal, for å vie seg til tung religionsfilosofisk dikting som resulterte i det lange diktverket Kulten, på arkaisk trønderdialekt som språkleg var så innvikla at ein nærmast kan snakke tekstar som ikkje kommuniserer. Det siste store diktverket Æve-lengdn fekk han ikkje gitt ut. Det ligg som manuskript på Nasjonalbiblioteket, om framtidige språkvitarar skulle ha ønske om å gå djupare inn i det gamle trønderske dativspråket.
Uppdal ragar høgt i norsk litteratur. Han var ein av 1900-talslitteraturens mest komplekse og stolte enkeltindivid, og fekk tidleg si byste i heimbyen. Alt seks år etter han han gjekk bort i 1961, vart den realisert, og ein annan trønder Nils Aas, modellerte det stolte ansiktet som no i femti år har stått og sett innover i Kristofer Uppdals gate.
Uppdaldåggån 2018 blir åpna ved Uppdal-bysta av kultursjefen i Steinkjer Leif Terje Nilsen søndag 4. nov kl 15.00. Etter dette vil Jan Inge Sørbø legge ned blomar.